Planned maintenance

In connection with an update of our systems the website standard.no will be unavailable for one (1) hour between 6 am and 9 am (CET) on Saturday December 16. We apologize for any inconvenience this may cause.

 

Flåm

Rådgivande Agronomar AS: Standardiseringsarbeid skal fremje felles interesser på eit nøytralt grunnlag

Karl-Jan Erstad har delteke i standardiseringsarbeid i ei årrekkje. Han vart førespurd om han ville stille i ein norsk referansekomité allt i 1985. Seinare vart han aktiv deltakar i CEN/TC 164 Water Supply og CEN/TC 260 Fertilizers and Liming Materials på vegne av respektive Helse- og sosialdepartementet og Landbruksdepartementet.

- For meg har det å vere med i standardiseringsarbeidet vore viktig for å få resultat av forsking satt ut i livet, og å medverke til at dette materialet kjem inn i standardane, seier Erstad.

- Eit viktig mål med forsking og utvikling er nettopp at arbeidet skal føre til allmenn nytte og ikkje berre liggje i ein arkivskuff, eller berre i vitskaplege publikasjonar for spesielt interesserte. I standardane vert resultata publiserte og gjort kjende for store yrkesgrupper, slik at alle i samfunnet kan ta dei i bruk.

Erstad legg vekt på at ein skal dekkje mange typar behov i samfunnet. - I standardiseringsarbeid skal ein ikkje fremje særinteresser, men gi breidd og leggje vinn på å vere objektiv, seier han. - Ein skal fremje felles interesser på eit nøytralt grunnlag.

Standardar er ein utmerka måte å få fagleg arbeid ut i dagleglivet. Då veit vi at det i lang tid kjem til nytte i samfunnet.
- For mi eiga verksemd som skal leve av forsking og rådgjeving, så held standardiseringsarbeidet meg oppdatert og gjer at eg får god innsikt i standardane. Erstad held fram at ein får meir kunnskap enn andre som ein konkurrerer om oppdrag med, så det gir klart eit konkurransefortrinn å engasjere seg.

- Samstundes gir det eit nettverk, og dei kontaktane har ein nytte av i fagleg samanheng. Det kan til og med vere med på å opne for sjansar til å finansiere vidare arbeid. Den europeiske standardiseringa er ein god møteplass for fagpersonar.

- Eg bruker mykje tid på standardisering, men samstundes gir det grunnlag for nytt arbeid. Eg må seie eg har god nytte av standardane, sjølv om standardiseringsarbeidet til tider er krevjande. Samla sett må ein sjå eit samfunnsansvar for å ta vare på interessene. Det er mykje vi gjer for å utvikle samfunnet som ikkje er lønnsamt akkurat no, men som vil vere lønsamt på lang sikt. Utan nasjonal kompetanse kan vi bli avhengige av det andre finn for godt å meddele oss.

- Når det gjeld vassverk og kjemikaliar, har vi produsert opp mot 130 standardar, og på landbruksområdet 30. Så det er ikkje noko å utsetje på produktiviteten, kan Erstad fortelje.

Erstad er oppteken av at standardane må få ein posisjon i høve til lovgjeving. Dei bør ikkje i så stor grad gjere bruk av valfrie standardar. Standardane bør få ein sterkare status. Styresmaktene må forstå at det ligg mykje fagleg arbeid bak mange standardar, og då burde det ikkje være så lett å gå utanom. Standardar kan effektivisere all sakshandsaming. Offentlege styresmakter og industrien må ta ansvar saman.

(Oppretta 2007)

Fakta

Rådgivande Agronomar AS består av tre faste personar, Karl-Jan Erstad, Anne Erstad van der Vlugt og Helene Grøndalen.

Dei tek på seg ulike arbeidsoppgåver innanfor landbruksvitskap og forsking, konsulentarbeid, tilrettelegging av fagkunnskap og planteproduksjon. Karl-Jan og Anne er dr. scient., Helene cand.agric. Anne driv med pyntegrøntproduksjon og produktforedling, Karl-Jan med vitskapleg arbeid og rådgiving. Helene er mest engasjert med rådgiving og planarbeid direkte i landbruket.

Ytterlegare to personar er med på frilans, i Noreg og Russland. Firmaet har kontor og laboratorium i Korssund i Fjaler, Ytre Sunnfjord.

strek
Karl-Jan Erstad
  

Karl-Jan Erstad

Last updated: 2014-01-28