Du er her: Start > Nyhetsarkiv > Elektro - NEK > Fornybar energi > NEK var vert for IEC TC 57 Standardiseringsmøte i Oslo

NEK var vert for IEC TC 57 Standardiseringsmøte i Oslo

Den 23.og 24. januar 2007 vart det arrangert møte i Oslo i samband med oppstart av nytt standardiseringsarbeid i regi IEC. Arbeidet med ny standardisering vart forslått av Norge i samarbeid med Sverige og kva var då meir naturleg å ha oppstartsmøte i Noreg.

Arbeidstittelen for arbeidet er "Implementation Guideline for a IEC 61850 to IEC 60870-5-104/101 Substation-Gateway device" og er planlagt ferdig i løpet av 2007. Arbeidet har som mål å utnytta eigenskapane i to IEC standardar og har sitt bruksområde innan elforsyning primært, men standardiseringa kan og utnyttast av andre bransjar. Nye IEC standardar for vasskraft, Desentralisert Energi Resursar (DER) og vindkraft er under utvikling. Eit anna mål er at ny "Guidelines" eneklt skal kunnes brukast for nye standardar som vert utvikla..

I Noreg er bruken av IEC 60870-5-104 innan styring og overvåking av kraftproduksjon og overføring aukande. Statkraft og Statnett har allereie standardisert på protokollen og fleire kraftselskap planlegg å gjera det same. Antallet leverandørar som no kan levera protokollen for sitt utstyr er og aukande. Statkraft opplyser at dei til no har ca 12 ulike leveransar i drift og i løpet av året vil vasskraft, vindkraft og gasskraft vert overvaka og styrt ved hjelp av IEC 60870-5-104.

I tilknyting til møtet vart det og tid til å vitja Statkraft der deltagarande fekk informasjon om aktivitetar innan utvikling av ny energi, samt demonstrert Statkraft sitt ny fjernkontrollsystem ProSam. Det vart og tid til ein tur innom Landssentral og Markedssentralen før kvelden vart avslutta med ein god fiskemiddag på Aker brygge.

Neste møte er planlagt haldt i Bergen i Juni samarbeid med TC88 som har ansvar Vindkraft.

Kommunikasjonsekspertar  frå USA, Spania, England, Austerrike, Nedreland, Tyskland, Sverige og Noreg deltok på møtet.