Standard Morgen: Sjeldne mineral og kritiske råvarer

Standard Norge inviterer til informasjonsmøte om sjeldne mineral, kritiske råvarer og berekraft, mandag 15. april. Møtet er digitalt.

kvarts
Foto: Pixabay

Tid: Mandag 15. april, kl.0900-1030
Sted: Digitalt (Teams)

Det er nyleg blitt starta opp ei rekke komitear frå standardiseringsorganisasjonane ISO og CEN som skal jobba med sjeldne mineral, kritiske råvarer og utvinninga av desse på ein berekraftig måte. Med EUs "European Critical Raw Materials Act" er det eit aukande fokus i Europa på å bli sjølvforsynt med råvarer/mineral. Dette gjeld spesielt råvarer og mineral som er viktige komponentar i teknologi i det grønne skiftet.

Noreg har ein stor bergindustri, og er blant dei største produsentane i Europa på visse metall og mineral. I åra framover vil det truleg bli eit aukande fokus på kartlegging og utvinning av norske mineralførekomstar, sidan Noreg blir sett på som ein påliteleg leverandør. 

Standardisering på området

Gjennom sin mineralstrategi (2023) fastslo regjeringa at "Noreg skal vere ein stabil og langsiktig leverandør av mineral til det grønne skiftet". Det er viktig at dette blir gjort på ein mest mogleg berekraftig måte, og ved å delta i standardiseringsarbeidet kan ein tileigne seg kunnskap om kva arbeid som blir gjort innanfor dette feltet internasjonalt. 

Ein kan vera med og påverke innhaldet i internasjonale standardar, og ein får eit stort kontaktnett nasjonalt og internasjonalt. Komitear er naturlege møteplassar for norske interessentar, ein arena for politiske og tekniske diskusjonar, og deltakelse i ein standardiseringskomité gir i tillegg sterk fagleg utvikling.

Informasjonsmøte

No kan du vere med i arbeidet. Under informasjonsmøtet 15 april går vi gjennom komiteane/forslaga frå ISO og CEN, status på dei, kva dei jobbar med og skal jobba med. Vi ser på moglegheitane for norske komitear som skal spegla internasjonale komitear, og oppfordrar til diskusjon rundt norsk involvering i dei ulike komiteane.

Diskusjonane legg grunnlaget for vidare organisering av det norske standardiseringsarbeidet. Mogleg leiteverksemd til havs er og noko som vurderast i dette arbeidet på eit seinare tidspunkt. Vi vil og gjerne høyre dine erfaringer.

Program

  • Velkomen
    Standard Norge
  • Kort om Standard Norge og standardar
    Standard Norge
  • Kritiske mineral for det grønne skiftet - Kva kan Noreg bidra med?
    Kari Aslaksen Aasly, NGU
  • Aktivitet knytta til sjeldne mineral, kritiske råvarer og berekraft
    Cecilie Skiple, frå Standard Norge
  • Diskusjon og innspel frå publikum 

Vi tek forbehold om eventuelle endringar i programmet.

Påmelding

Det er gratis å delta, men for å få tilgang til møtet må du melde deg på. Digitale deltakarar får lenke til møtet dagen før det holdast. 

Påmeldingsfrist: 14. april kl 1300

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål om informasjonsmøtet, ta kontakt med Lotte Lise Leknes i Standard Norge.

Om du ønsker meir informasjon om arbeidet, kontakt prosjektleiar Cecilie Skiple på e-post.